|
Velkomen til Forskings- og studieavdelinga
Forskings- og studieavdelinga er ein del av sentraladministrasjonen ved Universitetet i Tromsø. Avdelinga er ei sørviseining for studentar, forskarar og resten av universitetssamfunnet.
Forskings- og studieavdelinga (FSA) er delt inn i fire seksjonar:
Avdelinga arbeider med utdanningspolitiske spørsmål og strategiar, kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningsverksemda, studieinformasjon og rettleiing, ei rekke forvaltningsoppgåver som studentopptak, studentregistrering, eksamensavvikling og utarbeiding av statistikk og prognosar.
Forskings- og studieavdelinga samordnar strategiske og forvaltningsmessige oppgåver innan forsking og forskingsadministrasjon. Avdelinga koordinerer arbeidet med søknader om eksterne forskingsmidlar til mellom anna Forskingsrådet og EUs rammeprogram for forsking og utvikling. Avdelinga har også ansvaret for arbeidet med kommersialisering av forskingsresultat og Gründerskolen.
Studentane er dei fremste brukarane av tenestene våre. Informasjonen på nettsidene våre er difor spesielt retta mot studentar og søkjarar til Universitetet i Tromsø.
Vi viser til sørviserklæringa vår der vi gir informasjon om kva for tenester vi tilbyr studentar, og kva du som student kan vente deg av oss. Samstundes gir sørviserklæringa ei orientering om kva for forventningar vi har til kvar enkelt student som ønskjer å få utført tenester i og av Forskings- og studieavdelinga.
I venstre marg finn du lenker til sidene for kvart enkelt tenestetilbod. Du finn også lenker til informasjon om kvar du finn Forskings- og studieavdelinga på universitetsområdet, og om åpningstidene og adressene våre.
Kontakt oss gjerne viss det er noko du ikkje finn på heimesidene våre, eller viss du har framlegg til betringar.
|